søndag 19. juni 2011

Kvilehytta..

Kvilehytta. Ein raud kafe, med torvtak som står opp på fjellet. Då eg var lita stoppa vi av og til og åt middag der. Eg huska ikkje korleis maten smakte då. Kanskje eg ikkje brydde meg so mykje om smak? Eller det at maten skulle sjå fin ut?

Idag var eg, Mannen og lisjemannen på tur til Hakallegården (eg lure veldig på ka "Hakalle" e fornoke..?)
Veldig koselig plass med små og store fine dyr. Fine ting, og fine kjolar, og fine tips :) Gratis for voksne og ein 50 lapp for små mellom 2 og 13(?) år. God deal!

For å komme til saken. På veien heim stoppa vi på Kvilehytta. Frista av det "fine" skiltet som lokka med middagsbuffet... Vi gjekk inn, betalte 390 kr for 2 stk middagbuffet, og so skulle vi forsyne oss. ÆÆÆÆÆ!!! KA I HELVETE?? (akkurat det va det eg tenkte..) Eg tok litt forskjellig opp på tallerken.. og smakte.. ÆÆÆÆÆÆÆ!!! KA I HELVETE!? (tenkte eg igjen)

Når ein drive ein kafe..

Regel nr 1: Ikkje server mat du ikkje ville ha gjett til katten din!
Regel nr 2: Sørg for at mat som skal serverast varm faktisk e varm!
Regel nr 3: Sørg for at maten ser god ut. Ingen vil forsyne seg av noke som e brunt og inntørka!
Regel nr 4: Ansett noken som ser ut som om dei faktisk bryr seg om matlaging og servering!
Regel nr 5: Viss du ikkje likar å lage mat, ikkje gjer det!

Eg skulle ønske at eg ikkje var so feig. Då kunne eg klaga på maten. Sagt mi meining. Men eg fekk meg ikkje til det. Muligheten for at dei som drive Kvilehytta lese ditta her e nok minimal. Men om du/dokke skulle lese ditta. Beklager, det e dårlig reklame. Men det e et fritt land. På Tv3 har dei Hellstrøm rydder opp. Eg berre nevne det!

J.

torsdag 16. juni 2011

I framtida

Er målet å kun eige ting som har ein funksjon. Eg hatar unyttige pyntegjenstandar som kun står der.

J.

onsdag 15. juni 2011

Dagens fangst!

Har kjørt mormor til Moa fordi hon måtte klage på ein kjole... Hadde igrunnen ikkje noke anna plan enn å kjøyre opp og kanskje finne et par sko..
eg fann to par! og eg fekk rabatt! kjøpte ei bukse, og en topp og et skjerf og.. men til mitt forsvar, det va 50%!! Wilhelm fekk seg litt kle og, mormor, altså Wilhelm si oldemor shoppa litt til han og, fine bodyar, ei bukse og en liten apekamerat :) Apen e kjøpt på kremmerhuset og har ei rangle i magen :)



Ellers e eg sææærs fornøgd med at eg ikkje kjøpte ting og tang som eg hadde veeldig lyst på.. Eg har lova Johnny å ikkje kjøpe so mykje før vi ska flytte inn i det nye huset.. Eg veit at det e like greit å vente! Men, det finnast no so mykje fint i verden.. Jaja.. Når det nye huset e klart til innflytting! DÅ, ska det shoppast :) Kan heller spare til då ;)


J.

søndag 12. juni 2011

Korleis legge ein 4 mnd gammal baby??

Eg skjønnar det ikkje.. Han kan godt sove i vogna si i mange tima på dagtid, han søve godt i bilen, og han søve gjerne i armane mine... MEN, når eg tenke at han skal legge seg i senga si om kvelden nektar han. Noken gongar sovnar han i armane mine i stova, då ber eg han i seng og tenke: "yesss! litt tid for meg sjøl i kveld", so går eg ned og sett meg i sofaen. Akkurat då våknar han igjen og hylskrike! Nektar å sove i senga si når han e aleine på rommet.. So då held han det gåande til vi legg oss.. Som regel e det eg som må få han til å sove, han hyler viss eg ikkje e på soverommet... Men når han legg seg til, sånn ca når vi og legge oss, då søve han gjerne i 7-8 timar i strekk :) Herlig! Jaja.. Det går seg vel til.. Med mindre det spøker  på loftet...(??)

Kven kan gå i frå denne tassen når han sutrar i senga si og vil opp?? :)


J.

lørdag 11. juni 2011

Sommar, bryllaup og STRESS!!

Ok.. Eg masa i maaange mnd om at sola og sommaren ska dukke opp.. Når den då gjer det gler eg meg til vinteren sånn at eg kan bruke hue, votta og skjerf...

I skrivande stund sitte eg i bilen og sutra litt.. Skulle kjøpe kjole idag, men fann ikkje en einaste eg hadde lyst på.. Gadd ikkje å prøve en gong. Trur ikkje eg va i rette humøret for kjoleshopping.. Fakta e jo at eg rett og slett HATA å gå med kjole. Men når en skal i 3 bryllaup på en sommar må en jo nesten ha noke å gå med.. Argh.. Satsa på det dukka opp noke...
Skulle ha vore Ca 10cm høgare og 50 cm smalare! Då hadde eg sikkert likt å gå med kjole ;)

Wilhelm bryr seg lite om shopping.. So lenge han e mett og har tørr Bleie e han meget fornøgd :) enda en times tid til vi e heime, satsa på han søve litt til :)

Forresten so går det so smått framover med husplanane! Tegningane e sendt frå Måløy til Molde, og vi venta i spenning. Om å gjere å få levert søknad før 1.juli.. Då ska det visst bli enda fleire reglar!! Voldsomt mykje papirstyr før en kan bygge!

Vel, vel.. Skal nok bli litt flinkare med blogginga etterkvart! (hahahaaaa)

J.

fredag 8. april 2011

venta fortsatt på våren..

men i måra, då kjem den uansett! Eg, Willemann, Kine, Mette og mamma ska på loppemarkedferd i ytre strøk! faktisk so e det marked både på bryggja og i vedvikja... so, vi har lagt en plan! håpe berre der e noke som e verdt å ha!! små fine skattar! eller store for den saks skuld :)

iallefall, viss eg kjøpe noke ska eg legge ut bilder!

fleire bilder av klompen kjem etterkvart!

J.

tirsdag 29. mars 2011

VÅR!

HAHA!!! trudde eg ja! va nesten begynt å sjå enden på vinteren då det begynte å snøve igjen... og i går då eg va på kafe og forbanna vinteren og snøven.. då blei visst noken der oppe forbanna! for då eg vakna idag va det jammen 10 MINUS grader ute!

E DET MULIG???

eg blir gal. eller galnare!

Eg prøva å ikkje klage på veiret, det e liksom ikkje noke vits å hisse seg opp pga det, for en kan ikkje gjere noke med det likavel. Men no.. no altså! Eg vil har varme og vår og sommar!!

Møkkavinter!

J.

søndag 20. mars 2011

På ønskelista

Eg samla på sånne fine koppa frå Indiska.. Mannen seie det e irriterande med koppa han ikkje kan putte i oppvaskmaskina, og lure ofte på koffor eg kjøpe ulike koppar kvar gong... Det e berre det at dei ekje ulike, dei har akkurat samme form! Berre ulikt mønster, og det e derfor eg lika dei so godt.. Ser at Indiska har 4 typar inne, som eg ikkje har... Eg har soo lyst på dei!

















Berre synd at Indiska e mange mil vekke frå meg..

J.

fredag 18. mars 2011

mareritt..

Kom plutselig på at eg hadde mareritt i natt.
Eg drømte om at eg skulle drikke vin og ha det kjekt med venninner.. Men alle snakka om beibia, bleier, bæsj og så vidare... Eg satt der, prøvde desperat å komme på noke anna å snakke om. I min fortvilelse drakk eg meir vin, og klarte ikkje å seie noke.. Eg våkna lettare svett og delvis litt lei meg.
Eg tenkte at einaste grunnen til at eg hadde den drømmen, det må ha vore at eg og Mette va på kafe i går. Og eg e ganske redd for at det eg snakka om va beibi... Det eg sverga på at eg ikkje skulle gjere! Men, stakkar Wilhelm va jo med på kafe.. det e nesten uunngåelig å snakke om han då. Men, det ekje noke unnskyldning. Tenke eg trenge å drikke vin snart. Uten å snakke om beibi.

Missforstå meg rett. Eg elska beibien min. Eg meina berre at livet av og til dreia seg om andre ting, og at det e viktig å ta seg tid til å snakke om andre ting og.. anna enn bleieskift og amming. Nettopp. Eg ska bli flinkare til det!

I promise.
J.

sånt som eg lika..

Ofte drøyme eg meg litt vekk på nettet.. ønska at eg hadde ubegrensa med penga sånn at eg kunne bestillt alt det fine som fins...
tenkte eg skulle dele noken linkar :)

http://www.annajohanna.no/
http://www.nyttogshabby.mystore.no/index.php
http://www.happylines.no/index.html

Noken godbitar!


 Eg elska kakefat..

Og fine koppar..

Og sånne gamle nostalgiske boksar...










Sjekk også ut Pur Glede på Facebook.. Eg trur dei jobba med å få til nettbutikken, om den ikkje allerede finnast (?) Det e iallefall min favorittbutikk i området :)

I går fekk eg og forresten mitt kjære blad i posten!! Eg abbonera, og drøyme meg heilt vekk.. Prøva å få litt idear til det nye huset...

 http://www.vakrehjem.com/

Og no ska eg gå å lese det.. Om Wilhelm har tenkt å sove litt..

J.

onsdag 16. mars 2011

Lille Wilhelm og mamma :)

Beibi :)

Bloggen e igjen forsømt! MEN, denne gongen har eg ei skikkelig god unnskyldning.. Det e soklart fordi beibi Wilhelm tek det meste av tida mi :) Ser at forrige gong eg skreiv va det 13 daga til termin.. lite visste eg at han hadde tenkt å komme om to daga!

For å seie det sånn.. Føding = heilt jævlig!

Eg gjekk å la med kl 23.30, sovna etter en halv time, og våkna deretter etter 45 min.. reiste meg opp av senga, og gjekk mot døra.. og plutselig rann det masse tiss (???) ned på golvet.. Eg trudde virkelig eg gjekk i søvne og at eg hadde tissa på golvet.. Flaaaaut tenkte eg, og sjekka om mannen sov.. viss eg hadde tissa på golvet ville eg helst at han skulle sove og ikkje få det med seg.. Men det fortsatte å renne, og då tenkte eg plutselig på det berømte vatnet!! Eg gikk i dusjen, kledde på meg og satte meg i stova... lurte veldig på om det virkelig va vatnet som hadde gått! til slutt ringte eg inn på føden og snakka litt med jordmor som anbefalte meg å ta en tur inn.. Så eg vekte Johnny og vi for innover.. Va der inne ca kl 02.00 og etter en time begynte riene for fullt.. Gidd ikkje fortelle om resten i detalj.. Men det va ikkje noke sers.. Jordmødrene på NRK e iallefall svært oppskrytt!! Dei vise ca 5 min med pressing, og vips! Der va det visst en baby.. For min del tok det litt over 12 tima frå vi kom inn på sjukehuset og til Wilhelm kom :)

Om eg ska få fleire onga?? Tja.. Satsa på det går bedre ved en evnt neste gong! Eg ska iallefall ikkje føde på noke fødestove der dei ikkje har epidural!

Om det e stas å vere mor?? JA! Heilt klart veldig kjekt og koselig! Men det e ikkje so rosenrødt som mange skal ha det til. Det e ganske mange utfordringa.. Amming f.eks! ÆSJ! hjelpepleiarar, jordmødre og barnepleiarar ska liksom hjelpe til med amminga.. dei dreg og knip i puppen, beibien hyle og du sjøl vil berre vere i fred.. den tredje dagen på sjukehuset va eg so fortvilt og sår at eg grein to tima i strekk! ussj.. men, etter at eg hadde gitt opp amminga egentlig skjønte plutselig Wilhelm poenget og syns det e heilt greit med pupp! So, no går det beire! :)

Det blir nok mange utfordringa etterkvart..
Eg tar det på sparket!

J.

onsdag 9. februar 2011

Ventar i spenning!

Idag e det 13 daga til termin.. Va på ultraly på fredag, og då sa legen at beibien va stor nok og godt kunne komme ut snarast! jaja, tenkte eg, håpe den kjem NO! og so... på kvelden fekk eg utrulig vondt i magen! veldig sterke kynnera, vondt i ryggen og vondt over alt.. eg tenkte at det skulle gå over og gikk og la meg.. låg i senga til kl. 04.00.. då hadde eg so sterke smerte at eg måtte stå opp, det einaste som hjalp va å bevege seg rundt.. 04.30 ringte eg opp til Johnny som låg å sov og sa han måtte komme ned, og eg trur den mannen aldri har komt seg so fort opp av senga før! ;) Det endte med at vi tok en tur på sjukehuset, men på vei inn kjente eg at det begynte å sleppe taket, og at heile kroppen slappa litt meir av. Jordmora ville likevel sjekke at alt va greit. Og det va det, so vi fekk reise heim igjen. Eg va litt skuffa, men på en måte letta og... Det e liksom ikkje sånn at eg gler meg til smertehelvete nr.1!! Men, eg gler meg til det e overstått, e begynt å bli litt lei av den tjukke magen no! So eg venta i spenning :)

Ellers skjer det forbausande lite i livet mitt.. Vi planlegge huset, prøva å tegne kjøkken og flytta rundt på dører og vindu.. venta på en pris frå det eine byggefirmaet, dei sa vi skulle få et svar innen ei veke... E i grunnen bra vi kan bruke vinteren på å gjere sånne kjedelig ting, for vi får jo ikkje gjort noke anna.. Iallefall ikkje eg.

Eg har forresten knapt vore ute av huset dei siste dagane.. gikk en tur på mandag, lykkelig over at det meste av snøv og is va vekk sånn at eg kunne stable beina under meg.. lykka va kortvarig då det begynte å snø igjen i går, og so blei det minus grader! herregud.. jaja.. eg går i trapper og prøvar å holde meg i aktivitet..

Vel, det var det frå mi "innhaldsrike" veke.. satsar på det skjer noke spennande resten av veka! :)

J.

fredag 14. januar 2011

det nye året!

For å vere heilt sikker på at eg fekk en heilt fersk start på det nye året har eg sletta dei tidligare innlegga. Eg orka ikkje å ha dei liggande! No e det nytt år, med nye muligheter, og nye utfordringar!

Utfordring nr 1: Å få baby! I går såg eg på sjukehuset - en serie på Nrk.. Der ei stakkars dame fødte babyen sin.. då grein eg! Berre litt vel og merke, men eg vart so skremt atte hjelp! Det gjekk fort over då, men eg kjente plutselig at eg grua meg skikkelig til akkurat det..

Utfordring nr 2: Å bygge et hus! Vi skal jo rive huset og bygge oss et nytt, oppå dei gamle murane. Vi skal beholde bredda på huset, men forhåpentligvis forlenge huset med ca 2,5 meter. Ekje heilt sikker på nøyaktige mål, men det blir omtrent 8,15m x 12m. Vi ekje komt heilt i gang, men vi har iallefall flytta ut og tatt med oss det vi trenge, og eg har stort sett pakka ned det som skal settast vekk til lagring. Det e to firma som tegna hus for oss no, og so får vi sjå ka vi enda opp med. Eg gler meg iallefall heilt vanvittig til vi kan flytte inn i et heilt nytt og ubrukt hus! Det e nok ei stund til enda, for eg har lova meg sjøl at vi skal vere HEILT ferdige før vi flytta inn! Det skal jammen ikkje vere noke arbeid igjen i dei to etg. vi skal bu i! Kjellaren får vi ta etterkvart, men der skal vi jo ikkje "bu". Det blir kun brukt til boder - oppbevaring av kle, mat, og div. Planlegge å ta den eksisterande kjøkkeninnredninga og flytte den ned i kjellaren, då får vi et råkjøkken til slakting/partering, flatbrødbaking, sylting og ølbrygging! Vi har mange plana, men eg tenke vi får bli ferdige med det som e viktig først :)

So, i år trur eg nok at bloggen kjem til å handle om baby og husbygging..

J.