tirsdag 29. mars 2011

VÅR!

HAHA!!! trudde eg ja! va nesten begynt å sjå enden på vinteren då det begynte å snøve igjen... og i går då eg va på kafe og forbanna vinteren og snøven.. då blei visst noken der oppe forbanna! for då eg vakna idag va det jammen 10 MINUS grader ute!

E DET MULIG???

eg blir gal. eller galnare!

Eg prøva å ikkje klage på veiret, det e liksom ikkje noke vits å hisse seg opp pga det, for en kan ikkje gjere noke med det likavel. Men no.. no altså! Eg vil har varme og vår og sommar!!

Møkkavinter!

J.

søndag 20. mars 2011

På ønskelista

Eg samla på sånne fine koppa frå Indiska.. Mannen seie det e irriterande med koppa han ikkje kan putte i oppvaskmaskina, og lure ofte på koffor eg kjøpe ulike koppar kvar gong... Det e berre det at dei ekje ulike, dei har akkurat samme form! Berre ulikt mønster, og det e derfor eg lika dei so godt.. Ser at Indiska har 4 typar inne, som eg ikkje har... Eg har soo lyst på dei!

















Berre synd at Indiska e mange mil vekke frå meg..

J.

fredag 18. mars 2011

mareritt..

Kom plutselig på at eg hadde mareritt i natt.
Eg drømte om at eg skulle drikke vin og ha det kjekt med venninner.. Men alle snakka om beibia, bleier, bæsj og så vidare... Eg satt der, prøvde desperat å komme på noke anna å snakke om. I min fortvilelse drakk eg meir vin, og klarte ikkje å seie noke.. Eg våkna lettare svett og delvis litt lei meg.
Eg tenkte at einaste grunnen til at eg hadde den drømmen, det må ha vore at eg og Mette va på kafe i går. Og eg e ganske redd for at det eg snakka om va beibi... Det eg sverga på at eg ikkje skulle gjere! Men, stakkar Wilhelm va jo med på kafe.. det e nesten uunngåelig å snakke om han då. Men, det ekje noke unnskyldning. Tenke eg trenge å drikke vin snart. Uten å snakke om beibi.

Missforstå meg rett. Eg elska beibien min. Eg meina berre at livet av og til dreia seg om andre ting, og at det e viktig å ta seg tid til å snakke om andre ting og.. anna enn bleieskift og amming. Nettopp. Eg ska bli flinkare til det!

I promise.
J.

sånt som eg lika..

Ofte drøyme eg meg litt vekk på nettet.. ønska at eg hadde ubegrensa med penga sånn at eg kunne bestillt alt det fine som fins...
tenkte eg skulle dele noken linkar :)

http://www.annajohanna.no/
http://www.nyttogshabby.mystore.no/index.php
http://www.happylines.no/index.html

Noken godbitar!


 Eg elska kakefat..

Og fine koppar..

Og sånne gamle nostalgiske boksar...










Sjekk også ut Pur Glede på Facebook.. Eg trur dei jobba med å få til nettbutikken, om den ikkje allerede finnast (?) Det e iallefall min favorittbutikk i området :)

I går fekk eg og forresten mitt kjære blad i posten!! Eg abbonera, og drøyme meg heilt vekk.. Prøva å få litt idear til det nye huset...

 http://www.vakrehjem.com/

Og no ska eg gå å lese det.. Om Wilhelm har tenkt å sove litt..

J.

onsdag 16. mars 2011

Lille Wilhelm og mamma :)

Beibi :)

Bloggen e igjen forsømt! MEN, denne gongen har eg ei skikkelig god unnskyldning.. Det e soklart fordi beibi Wilhelm tek det meste av tida mi :) Ser at forrige gong eg skreiv va det 13 daga til termin.. lite visste eg at han hadde tenkt å komme om to daga!

For å seie det sånn.. Føding = heilt jævlig!

Eg gjekk å la med kl 23.30, sovna etter en halv time, og våkna deretter etter 45 min.. reiste meg opp av senga, og gjekk mot døra.. og plutselig rann det masse tiss (???) ned på golvet.. Eg trudde virkelig eg gjekk i søvne og at eg hadde tissa på golvet.. Flaaaaut tenkte eg, og sjekka om mannen sov.. viss eg hadde tissa på golvet ville eg helst at han skulle sove og ikkje få det med seg.. Men det fortsatte å renne, og då tenkte eg plutselig på det berømte vatnet!! Eg gikk i dusjen, kledde på meg og satte meg i stova... lurte veldig på om det virkelig va vatnet som hadde gått! til slutt ringte eg inn på føden og snakka litt med jordmor som anbefalte meg å ta en tur inn.. Så eg vekte Johnny og vi for innover.. Va der inne ca kl 02.00 og etter en time begynte riene for fullt.. Gidd ikkje fortelle om resten i detalj.. Men det va ikkje noke sers.. Jordmødrene på NRK e iallefall svært oppskrytt!! Dei vise ca 5 min med pressing, og vips! Der va det visst en baby.. For min del tok det litt over 12 tima frå vi kom inn på sjukehuset og til Wilhelm kom :)

Om eg ska få fleire onga?? Tja.. Satsa på det går bedre ved en evnt neste gong! Eg ska iallefall ikkje føde på noke fødestove der dei ikkje har epidural!

Om det e stas å vere mor?? JA! Heilt klart veldig kjekt og koselig! Men det e ikkje so rosenrødt som mange skal ha det til. Det e ganske mange utfordringa.. Amming f.eks! ÆSJ! hjelpepleiarar, jordmødre og barnepleiarar ska liksom hjelpe til med amminga.. dei dreg og knip i puppen, beibien hyle og du sjøl vil berre vere i fred.. den tredje dagen på sjukehuset va eg so fortvilt og sår at eg grein to tima i strekk! ussj.. men, etter at eg hadde gitt opp amminga egentlig skjønte plutselig Wilhelm poenget og syns det e heilt greit med pupp! So, no går det beire! :)

Det blir nok mange utfordringa etterkvart..
Eg tar det på sparket!

J.