fredag 14. januar 2011

det nye året!

For å vere heilt sikker på at eg fekk en heilt fersk start på det nye året har eg sletta dei tidligare innlegga. Eg orka ikkje å ha dei liggande! No e det nytt år, med nye muligheter, og nye utfordringar!

Utfordring nr 1: Å få baby! I går såg eg på sjukehuset - en serie på Nrk.. Der ei stakkars dame fødte babyen sin.. då grein eg! Berre litt vel og merke, men eg vart so skremt atte hjelp! Det gjekk fort over då, men eg kjente plutselig at eg grua meg skikkelig til akkurat det..

Utfordring nr 2: Å bygge et hus! Vi skal jo rive huset og bygge oss et nytt, oppå dei gamle murane. Vi skal beholde bredda på huset, men forhåpentligvis forlenge huset med ca 2,5 meter. Ekje heilt sikker på nøyaktige mål, men det blir omtrent 8,15m x 12m. Vi ekje komt heilt i gang, men vi har iallefall flytta ut og tatt med oss det vi trenge, og eg har stort sett pakka ned det som skal settast vekk til lagring. Det e to firma som tegna hus for oss no, og so får vi sjå ka vi enda opp med. Eg gler meg iallefall heilt vanvittig til vi kan flytte inn i et heilt nytt og ubrukt hus! Det e nok ei stund til enda, for eg har lova meg sjøl at vi skal vere HEILT ferdige før vi flytta inn! Det skal jammen ikkje vere noke arbeid igjen i dei to etg. vi skal bu i! Kjellaren får vi ta etterkvart, men der skal vi jo ikkje "bu". Det blir kun brukt til boder - oppbevaring av kle, mat, og div. Planlegge å ta den eksisterande kjøkkeninnredninga og flytte den ned i kjellaren, då får vi et råkjøkken til slakting/partering, flatbrødbaking, sylting og ølbrygging! Vi har mange plana, men eg tenke vi får bli ferdige med det som e viktig først :)

So, i år trur eg nok at bloggen kjem til å handle om baby og husbygging..

J.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar