søndag 19. juni 2011

Kvilehytta..

Kvilehytta. Ein raud kafe, med torvtak som står opp på fjellet. Då eg var lita stoppa vi av og til og åt middag der. Eg huska ikkje korleis maten smakte då. Kanskje eg ikkje brydde meg so mykje om smak? Eller det at maten skulle sjå fin ut?

Idag var eg, Mannen og lisjemannen på tur til Hakallegården (eg lure veldig på ka "Hakalle" e fornoke..?)
Veldig koselig plass med små og store fine dyr. Fine ting, og fine kjolar, og fine tips :) Gratis for voksne og ein 50 lapp for små mellom 2 og 13(?) år. God deal!

For å komme til saken. På veien heim stoppa vi på Kvilehytta. Frista av det "fine" skiltet som lokka med middagsbuffet... Vi gjekk inn, betalte 390 kr for 2 stk middagbuffet, og so skulle vi forsyne oss. ÆÆÆÆÆ!!! KA I HELVETE?? (akkurat det va det eg tenkte..) Eg tok litt forskjellig opp på tallerken.. og smakte.. ÆÆÆÆÆÆÆ!!! KA I HELVETE!? (tenkte eg igjen)

Når ein drive ein kafe..

Regel nr 1: Ikkje server mat du ikkje ville ha gjett til katten din!
Regel nr 2: Sørg for at mat som skal serverast varm faktisk e varm!
Regel nr 3: Sørg for at maten ser god ut. Ingen vil forsyne seg av noke som e brunt og inntørka!
Regel nr 4: Ansett noken som ser ut som om dei faktisk bryr seg om matlaging og servering!
Regel nr 5: Viss du ikkje likar å lage mat, ikkje gjer det!

Eg skulle ønske at eg ikkje var so feig. Då kunne eg klaga på maten. Sagt mi meining. Men eg fekk meg ikkje til det. Muligheten for at dei som drive Kvilehytta lese ditta her e nok minimal. Men om du/dokke skulle lese ditta. Beklager, det e dårlig reklame. Men det e et fritt land. På Tv3 har dei Hellstrøm rydder opp. Eg berre nevne det!

J.

torsdag 16. juni 2011

I framtida

Er målet å kun eige ting som har ein funksjon. Eg hatar unyttige pyntegjenstandar som kun står der.

J.

onsdag 15. juni 2011

Dagens fangst!

Har kjørt mormor til Moa fordi hon måtte klage på ein kjole... Hadde igrunnen ikkje noke anna plan enn å kjøyre opp og kanskje finne et par sko..
eg fann to par! og eg fekk rabatt! kjøpte ei bukse, og en topp og et skjerf og.. men til mitt forsvar, det va 50%!! Wilhelm fekk seg litt kle og, mormor, altså Wilhelm si oldemor shoppa litt til han og, fine bodyar, ei bukse og en liten apekamerat :) Apen e kjøpt på kremmerhuset og har ei rangle i magen :)



Ellers e eg sææærs fornøgd med at eg ikkje kjøpte ting og tang som eg hadde veeldig lyst på.. Eg har lova Johnny å ikkje kjøpe so mykje før vi ska flytte inn i det nye huset.. Eg veit at det e like greit å vente! Men, det finnast no so mykje fint i verden.. Jaja.. Når det nye huset e klart til innflytting! DÅ, ska det shoppast :) Kan heller spare til då ;)


J.

søndag 12. juni 2011

Korleis legge ein 4 mnd gammal baby??

Eg skjønnar det ikkje.. Han kan godt sove i vogna si i mange tima på dagtid, han søve godt i bilen, og han søve gjerne i armane mine... MEN, når eg tenke at han skal legge seg i senga si om kvelden nektar han. Noken gongar sovnar han i armane mine i stova, då ber eg han i seng og tenke: "yesss! litt tid for meg sjøl i kveld", so går eg ned og sett meg i sofaen. Akkurat då våknar han igjen og hylskrike! Nektar å sove i senga si når han e aleine på rommet.. So då held han det gåande til vi legg oss.. Som regel e det eg som må få han til å sove, han hyler viss eg ikkje e på soverommet... Men når han legg seg til, sånn ca når vi og legge oss, då søve han gjerne i 7-8 timar i strekk :) Herlig! Jaja.. Det går seg vel til.. Med mindre det spøker  på loftet...(??)

Kven kan gå i frå denne tassen når han sutrar i senga si og vil opp?? :)


J.

lørdag 11. juni 2011

Sommar, bryllaup og STRESS!!

Ok.. Eg masa i maaange mnd om at sola og sommaren ska dukke opp.. Når den då gjer det gler eg meg til vinteren sånn at eg kan bruke hue, votta og skjerf...

I skrivande stund sitte eg i bilen og sutra litt.. Skulle kjøpe kjole idag, men fann ikkje en einaste eg hadde lyst på.. Gadd ikkje å prøve en gong. Trur ikkje eg va i rette humøret for kjoleshopping.. Fakta e jo at eg rett og slett HATA å gå med kjole. Men når en skal i 3 bryllaup på en sommar må en jo nesten ha noke å gå med.. Argh.. Satsa på det dukka opp noke...
Skulle ha vore Ca 10cm høgare og 50 cm smalare! Då hadde eg sikkert likt å gå med kjole ;)

Wilhelm bryr seg lite om shopping.. So lenge han e mett og har tørr Bleie e han meget fornøgd :) enda en times tid til vi e heime, satsa på han søve litt til :)

Forresten so går det so smått framover med husplanane! Tegningane e sendt frå Måløy til Molde, og vi venta i spenning. Om å gjere å få levert søknad før 1.juli.. Då ska det visst bli enda fleire reglar!! Voldsomt mykje papirstyr før en kan bygge!

Vel, vel.. Skal nok bli litt flinkare med blogginga etterkvart! (hahahaaaa)

J.

fredag 8. april 2011

venta fortsatt på våren..

men i måra, då kjem den uansett! Eg, Willemann, Kine, Mette og mamma ska på loppemarkedferd i ytre strøk! faktisk so e det marked både på bryggja og i vedvikja... so, vi har lagt en plan! håpe berre der e noke som e verdt å ha!! små fine skattar! eller store for den saks skuld :)

iallefall, viss eg kjøpe noke ska eg legge ut bilder!

fleire bilder av klompen kjem etterkvart!

J.

tirsdag 29. mars 2011

VÅR!

HAHA!!! trudde eg ja! va nesten begynt å sjå enden på vinteren då det begynte å snøve igjen... og i går då eg va på kafe og forbanna vinteren og snøven.. då blei visst noken der oppe forbanna! for då eg vakna idag va det jammen 10 MINUS grader ute!

E DET MULIG???

eg blir gal. eller galnare!

Eg prøva å ikkje klage på veiret, det e liksom ikkje noke vits å hisse seg opp pga det, for en kan ikkje gjere noke med det likavel. Men no.. no altså! Eg vil har varme og vår og sommar!!

Møkkavinter!

J.