søndag 19. juni 2011

Kvilehytta..

Kvilehytta. Ein raud kafe, med torvtak som står opp på fjellet. Då eg var lita stoppa vi av og til og åt middag der. Eg huska ikkje korleis maten smakte då. Kanskje eg ikkje brydde meg so mykje om smak? Eller det at maten skulle sjå fin ut?

Idag var eg, Mannen og lisjemannen på tur til Hakallegården (eg lure veldig på ka "Hakalle" e fornoke..?)
Veldig koselig plass med små og store fine dyr. Fine ting, og fine kjolar, og fine tips :) Gratis for voksne og ein 50 lapp for små mellom 2 og 13(?) år. God deal!

For å komme til saken. På veien heim stoppa vi på Kvilehytta. Frista av det "fine" skiltet som lokka med middagsbuffet... Vi gjekk inn, betalte 390 kr for 2 stk middagbuffet, og so skulle vi forsyne oss. ÆÆÆÆÆ!!! KA I HELVETE?? (akkurat det va det eg tenkte..) Eg tok litt forskjellig opp på tallerken.. og smakte.. ÆÆÆÆÆÆÆ!!! KA I HELVETE!? (tenkte eg igjen)

Når ein drive ein kafe..

Regel nr 1: Ikkje server mat du ikkje ville ha gjett til katten din!
Regel nr 2: Sørg for at mat som skal serverast varm faktisk e varm!
Regel nr 3: Sørg for at maten ser god ut. Ingen vil forsyne seg av noke som e brunt og inntørka!
Regel nr 4: Ansett noken som ser ut som om dei faktisk bryr seg om matlaging og servering!
Regel nr 5: Viss du ikkje likar å lage mat, ikkje gjer det!

Eg skulle ønske at eg ikkje var so feig. Då kunne eg klaga på maten. Sagt mi meining. Men eg fekk meg ikkje til det. Muligheten for at dei som drive Kvilehytta lese ditta her e nok minimal. Men om du/dokke skulle lese ditta. Beklager, det e dårlig reklame. Men det e et fritt land. På Tv3 har dei Hellstrøm rydder opp. Eg berre nevne det!

J.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar